Unge nordmenn på europatoppen i kokainbruk

Daniel Mørk i Oslo Drug Check.
Daniel Mørk i Oslo Drug Check.

Unge, vaksne nordmenn ligg på topp i kokainbruk i Europa. Norsk festkultur, god råd, og lett tilgjengelegheit får skulda.

NRK Nyhetsmorgen 09. juni 2026: Unge nordmenn på europatoppen i kokainbruk Av: Vidar Eidhammer og Axel Henrik Segelcke.

Ein liten boks med eit kvitt pulver blir plassert inn i ein maskin i hjørnet på eit kontor.

Maskinen kan analysera hundrevis av ulike narkotiske stoff. Den durar når ein laser treff pulveret for å finna ut kva stoff det er.

På kontoret sit Daniel Mørk i Oslo Drug Check og ventar på svar. Kontoret er eit samarbeid mellom dei to rusmiddel­organisasjonane Foreningen for human ruspolitikk og ProLAR nett.

Her kan folk koma for å analysera om det narkotiske stoffet dei har er reint, eller om det er blanda med endå meir farlege stoff, som til dømes fentanyl.

– Mange uroa foreldre kjem etter å ha funne noko kvitt pulver eller ei rosa pille heime, og tek det med hit, seier Mørk.

Unge nordmenn på topp i Europa

Ein ny rapport frå EUs narkotikabyrå om sjølvrapportert kokainbruk blant unge vaksne viser at Noreg ligg heilt på topp i Europa.

Unge vaksne blir i denne rapporten rekna som dei mellom 16 og 30 år.

Les hele saken på NRK.no her.

Andre nyheter

Følg med på hva vi gjør

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å få et innblikk i arbeidet vi gjør.

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.
FHR-representanter i samtale på gatgen utenfor Stortinget
keyboard_arrow_up