Vil samle helsetenester til rusavhengige under same tak

Arild Knutsen er styreleiar i Foreningen for human ruspolitikk. Foto: Christian Ziegler Remme / NRK
Arild Knutsen er styreleiar i Foreningen for human ruspolitikk og sit i styringsgruppa for det nye forskningssenteret Seier. Foto: Christian Ziegler Remme / NRK
Arild Knutsen er styreleiar i Foreningen for human ruspolitikk og sit i styringsgruppa for det nye forskningssenteret Seier. Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

Mange opplever at dei ikkje får god hjelp. Forskarar trur eigne helsesentre kan spare store ressursar for samfunnet.

NRK 20. oktober 2026: Vil samle helsetenester til rusavhengige under same tak Av: Oddgeir Øystese og Marit Sirum-Eikre.

– Det er mykje stigmatisering. Mange opplever at dei ikkje får god hjelp. 

Med 23 år i LAR-behandling veit Rune (62) at mange med rusutfordringar har eit problematisk forhald til helsevesenet.

For eigen del er han stort sett nøgd, seier han. Likevel meiner han at mange i hans situasjon slit i møtet med ulike legar og helsetilbod.

– Særleg dei yngre gjev ofte opp. Dei gjev faen!

Det er vanskeleg for mange rusavhengige å orientere seg i dei ulike helsetenestene. I innkallingar som kjem i posten. I timeavtalar og riktig oppmøtestad.

No kan det bli enklare for menneske med rusutfordringar å få riktig helsehjelp.

Nytt forskingssenter

På Engen i Bergen sentrum trur dei at helsetenestene kan organiserast på ein betre måte for menneske med rusmiddelavhengnad.

Tysdag 20. oktober vert det miljøet meiner er verdas første forskningssenter for integrert rusbehandling opna her. Trond Mohn forskingsstiftelse finansierer «Seier» med 30 millionar kroner. Helse Bergen går inn med eit tilsvarande beløp.

Dei neste fem åra skal forskarane her finne ut kva gevinsten kan vere av å tilby skreddarsydde og samlokaliserte helsetenester for denne gruppa.

Dei skal bygge opp eigne sentere for rusmiddelavhengige.

Ulike helsetenester retta mot både psykisk og fysisk helse kjem på  same stad, med behandlarar som kjenner utfordringar rusavhengige ofte har.

Det vert ei særskilt fokus på oppfølging av mellom anna hormonsvikt, psykiske traume, ernæring og tannhelse.

Trur på stor samfunnsgevinst

Forskarane trur det kan ha ein stor gevinst for brukarane, men ikkje minst for samfunnet.

– Mange av helseplagene til denne gruppa er særs kostnadskrevjande. Om vi kan redusere sjukdomsbyrda med effektive tiltak kan vi spare store ressursar både på kort og lang sikt.

Det seier Lars Thore Fadnes. Han er professor i samfunnsmedisin, og skal leie forskingsarbeidet i Bergen.

Dei går no i gang med å prøve å dokumentere kva eventuelle gevinstar det er med å omorganisere helsetenestene for menneske med rusproblem.

Resultata og erfaringane som kjem dei komande åra vil bli unike på verdsbasis, meiner Fadnes. Han seier fagmiljø over heile verda har vist interesse for svara dei no starter arbeidet med å hente inn.

– Uønskte i helsevesenet

Dei som jobbar for betre vilkår for rusmiddelavhengige er trygge på at forskinga vil vise at det trengst ei forandring i helsetenestene.

– Vi er jo uønskte i helsevesenet, vi som har sjølvpåførte skader og ikkje alltid oppfører oss som alle andre.

Det seier Arild Knutsen, i Foreningen for human ruspolitikk.

Han representerer ei gruppe som lever 10–12 år kortare enn ein gjennomsnittleg nordmann.

– Når ein er i rusbehandling treng ein somatisk helsehjelp, ein treng traumebehandling og ein treng tannbehandling. Det får ein ofte ikkje. Då treng vi evidens på at det er lurt å gje dette, og desse forskarane er framifrå på dette feltet.

Knutsen trekk særleg fram at det er vanskeleg for gruppa å få psykisk helsehjelp.

Det er Rune på legekontoret samd i.

Han står sjølv i kø for psykologhjelp. Det har han gjort lenge.

Rune trur gevinsten ville vere enorm om han kunne få psykisk helsehjelp samstundes som han får somatiske helsetenester.

– Det hadde betydd mykje. Det heng liksom saman. Lege og psykolog. Samarbeid.

62-åringen håper det går rette vegen når det gjeld hjelp for rusmiddelavhengige no. Og at forskingsprosjektet er ein del av forbetringa.

Les artikkelen på nrk.no her.

Andre nyheter

Følg med på hva vi gjør

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å få et innblikk i arbeidet vi gjør.

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.
FHR-representanter i samtale på gatgen utenfor Stortinget
keyboard_arrow_up