Desse containerane er kommunen sitt krise­tilbod: – Det er heilt skandale

Arild Knutsen i Foreningen for human ruspolitikk.
Arild Knutsen i Foreningen for human ruspolitikk.

To bustad-containerar vart løysinga som mellombelse og akutte hyblar for personar med utfordringar innan rus og psykiatri. Buforholda møter no kritikk frå fleire hald.

NRK Vestland 01. august 2026: Desse containerane er kommunen sitt krise­tilbod: – Det er heilt skandale Av: Tale Hauso.

I slutten av mars i år dukka det opp to bustadbrakker på ei kommunal tomt i eit bustadområde i Odda sentrum.

Ullensvang kommune oppretta dei som eit midlertidig, akutt butiltak for personar innan rus og psykiatri (ROP).

Til lokalavisa Hardanger Folkeblad har naboar tidlegare uttrykka sterk uro kring butiltaket. Berre ein av dei to bustadane har vore i bruk.

I sist veke braut det ut brann i ei av brakkene. Ein person blei pågripen og seinare overlaten til helsevesenet.

– Slike buforhold forsterkar utfordringane

Sjølve buforholda, som er to tidlegare brakkecontainerar, møter no kritikk.

Leiar i Foreininga for human ruspolitikk, Arild Knutsen, er skaka over løysninga kommunen har valt for det han kallar ei allereie sårbar gruppe.

– Det er heilt skandale at desse containerane i det heile tatt er sett opp som bueiningar. Slike buforhold forsterkar psykiske lidingar og rusutfordringar, seier Knutsen.

Mangel på bustadar for personar innan rus og psykiatri (ROP) er eit brennheitt tema nasjonalt.

Rusfeltets hovudorganisasjon har mellom anna brukt Arendalsveka dei siste åra til å setja søkelyset på det dei beskriv som uverdige og utrygge midlertidige bustadløysingar ute i kommunane.

Les hele artikkelen på NRK Vestland her.

Andre nyheter

Følg med på hva vi gjør

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å få et innblikk i arbeidet vi gjør.

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.
FHR-representanter i samtale på gatgen utenfor Stortinget
keyboard_arrow_up