TV2 01. september 2024: Etterlyser handling: Folk døyr mens regjeringa somlar Av Trine Svanholm Misje, Lidvard Sandven og Stål Talsnes.
– Folk døyr medan dei somlar med moralske spørsmål og dilemma. Vi må få dette på plass no.
Denne veka vart verdas overdosedag markert fleire stader i Noreg. No rettar Morten Sommerbakk, styreleiar i Foreininga for human ruspolitikk Vest, krass kritikk mot regjeringa sin ruspolitikk.
– Det første eg reagerer på med regjeringa sin ruspolitikk, er fråveret av den. Rusreforma lar vente på seg, overdosestrategien er utdatert og regjeringa bygger ned tilbodet til rusavhengige, seier Sommerbakk.
Sommerbakk meiner det hastar å få på plass ei ny rusreform.
– Vi føler at regjeringa sviktar rusfeltet totalt. Dei er litt opphengt i denne straffbiten, dessverre. Det syns vi er veldig trist.
Høge tal
I 2023 døydde 363 personar av overdose i Noreg. Det er det høgste talet sidan 2001.
Både Foreininga for human ruspolitikk Vest og brukarorganisasjonen Rio fryktar at fleire liv går tapt så lenge ein rusreform let venta på seg.
TV 2 har lagt fram kritikken for Helse- og omsorgsdepartementet.
Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen (Ap) meiner det viktigaste er at rusreforma blir god.
– Vi arbeider på spreng for å få reforma ferdig, og gler oss til å presentere resultatet for rusorganisasjonane, og diskutere dei tiltaka som trengs for å lukkast på rusområdet. Målet er betre helsetenester for dei rusavhengige, og betre førebygging, seier statssekretæren.
Les hele saken på TV2 her.