Os og Fusaposten 02. oktober 2025: Utenforskap er inngangsporten til rusproblemer Av Susann Haukeland Børnes.
Verdsdagen for psykisk helse (10. oktober) vart markert både denne og førre veke i Bjørnafjorden kommune. Tema for årets markering er ”Vi må styrke vår psykiske beredskap”.
– Det handlar om å stå betre rusta når livet set oss på prøve, sa einingsleiar for psykisk helse og rustenester, Thomas Dahl Orø, då han ønskte velkomen til føredrag med erfaringskonsulent Morten Sommerbakk i kantina på Os ungdomsskule tysdag.
Sommerbakk er leiar for Foreningen for human ruspolitikk vest. Han har også vore ei viktig drivkraft i etableringa av Huset Bergen, eit brukerstyrt aktivitetshus, i vestlandshovudstaden.
– Då vi etablerte Huset Bergen, sa vi at vi ikkje skulle ha nokon reglar. Her skal ingen koma med lua i handa og kjenna seg som dritt. Her skal alle møtast med kjærleik og som eit menneske. Det var ikkje så mange som hadde tru på at eit lågterskel, brukarstyrt hus utan reglar kom til å gå bra.
Men etter tre år har vi ikkje hatt éi einaste alvorleg hending, sa Sommerbakk og la til at det er mellom 150 og 180 personar innom kvar dag.
– Eg fekk ta det i mitt tempo
Sjølv har Sommerbakk ein lang historie med rus og psykiske lidingar. I oppveksten vart han sett på som eit problembarn og ei bølle. Diagnosane – ADHD og bipolar liding – fekk han først seinare i livet.
– Eg var fullstendig klar over at narkotika var farleg. Men når du endeleg finn ein medisin som gjer at du kjenner deg normal, og som får stormen til å stilna, då drit du i alt anna. Eg tenkte at dette skal eg aldri slutta med. Eg vart hekta med ein gong.
Sommerbakk var del av rusmiljøet i Bergen i 28 år. No er det ti år sidan han sette den siste sprøyta. Korleis han kom seg ut, karakteriserer han rett og slett som litt flaks. – Eg fekk ein telefon frå ein kompis. Han var del av eit musikkterapiprosjekt. Dei trong ein vokalist, fortalte han.
I åra etter har musikken vore utruleg viktig for Sommerbakk. Han har mellom anna vore del av banda Opplett og Gatas Evangelium. – Det var ingen som sa til meg, no må du slutta å rusa deg. Eg fekk ta det i mitt tempo. Hemmelegheita, trur han, er å ha noko positivt å fylla livet med. Noko som gir glede og meistring.
– Om du kjem tilbake frå avrusing, og ikkje har noko innhald i livet, er det fort gjort å sprekka, understreka han. – Skal ein førebyggja rus, må ein førebyggja utanforskap. Det er ikkje berre avrusing og korleis ein skal behandla personar som slit med rus og psykiske lidingar, Sommerbakk er oppteken av. Han engasjerer seg også sterkt i kva som bør gjerast før problema oppstår.
– Noreg er blant verdas rikaste land. Likevel sparer vi alt til ei framtid vi ikkje ein gong veit om kjem, sa han og heldt fram:
– 50.000 barn går på skulen utan matpakke. Dobbelt så mange lever under fattigdomsgrensa. Det fører til utanforskap i tidleg alder. Berre ved å auka barnetrygda med 1.000 kroner i månaden kan ein få 2/3 av desse barna ut av fattigdom.
Ja, det kostar staten sju milliardar kroner, men samfunnsgevinsten er langt større, sa Sommerbakk og peika på at utanforskap heng tett saman med psykiske lidingar og rus.
– Eg har aldri møtte ein rusavhengig som har god psykisk helse. Slik Sommerbakk ser det, handlar det korkje om ressursar eller økonomi, men om vilje. Vilje til å få til ei endring. For skal ein førebyggja rus, må ein førebyggja utanforskap, meiner han.
– Inngangsporten til rusavhengigheit er ikkje hasj, det er utanforskap.
Det er der vi må setja inn kreftene våre. Når politiet kjem på besøk på ungdomskulane for å åtvara om narkotika, er det altfor, altfor seint. Vi må starta i barnehagen og ta tak i dei som fell utanfor med det same, påpeika han.
Verdige og gode liv
Hos Huset Bergen er dei opptekne av å sjå heile menneske, ikkje rusen eller dei psykiske lidingane.
Sommerbakk peika på at 9 av 10 nordmenn rusar seg på ”eitt eller anna” (alkohol, tobakk, narkotika, o. l.). – Så kva er det som gjer at denne vesle gruppa skal bli så stigmatisert og skubba ut i kulda, spurte han.
For personar med psykiske lidingar og rusproblem, er det, som alle andre, viktig å bli inkludert. Viktig å kjenna seg velkomen. – Vi er alle nokon sin son eller dotter. Vi har alle den same retten til å bli møtt som ein medborgar, sa han og understreka at målet hans aldri har vore å få menneska han møter i jobben sin rusfrie.
– Då bommar ein totalt på det som er viktig. Målet er å gi dei gode og verdige liv, uansett kvar i livet dei er. Når dei får det, kjem det andre heilt automatisk. Markeringa av Verdsdagen for psykisk helse held fram denne veka med Venneveko.
Venneveko vert arrangert for sjuande gong i Bjørnafjorden, og barnehagar, skular og alle andre vert oppfordra til å ha spesielt fokus på inkludering, fellesskap og vennskap. I slutten av oktober vert Verdsdagen for psykisk helse avslutta med skriveverkstad i hovudbiblioteket med Solveig Johanne Grønstøl.
Les artikkelen i Os og Fusaposten her.




