Avisa Hordaland 27. november 2024: Startar sal av gatemagasin på Voss Av Geir Geitle.
– Eg har ikkje prøvd å selja gatemagasin før, så dette blir litt spennande, seier Per Åmund Andersen saman med Erik Hovland. I lag med tre andre vossingar startar dei salet av gatemagasinet Juleboken på Voss laurdag.
I Bergen blir seljarane av gatemagasina veldig godt mottekne. I Odda og Haugesund sel dei Asfalt på tilsvarande måte.
No er det klart for gatemagasin også på Voss, som fylgje av godt samarbeid på fleire hald. Christina Løno i Voss herad og Lars Lid Trana i Kirkens Bymisjon står sentralt på Voss.
– Me fekk ideen i Bergen. Morten Sommerbakk hadde lyst å utvida salsområdet deira, og eg hadde lyst dei skulle koma til Voss. No er dei her, seier Christina Løno som er erfaringskonsulent ved avdeling for psykisk helse og rusarbeid i Voss herad.
– Å arbeida med sal gjev eit løft
Morten Sommerbakk er leiar for human ruspolitikk Vestland og leiar for Erlik Bergen. Han fortel at salet av gatemagasin ikkje berre er for menneske med rusproblem, men for alle som strevar med dårleg økonomi.
I Bergen har dei veldig positive erfaringar.
– Dei som sel, får eit løft i livet av å vera med på dette. Me ser at det å utføra ei oppgåve gjev verdigheit, meistring og ei viss stoltheit, seier Sommerbakk.
Gjorde ei interessant oppdaging
Han fortel ei historie om ein mann som starta for kort tid sidan, og sa han eigentleg var litt flau for å selja. Gjennom oppdraget gjorde han ei interessant oppdaging.
Mannen prøvde fyrst med fem magasin. Så kom han tilbake, og bad om ti nye, og då han kom tilbake neste gong, fortalde mannen at han hadde fått 4000 kroner i tips i tillegg.
– Han oppdaga at folk ikkje ser på han på den måten han trudde. I staden ser dei ein person som står på og gjer ein innsats for å få det betre i livet. Erfaringa hans var at han berre møtte velvilje, seier Sommerbakk.
Nettopp dette håpar og trur dei at seljarane på Voss får oppleva også.
– Utruleg bra tiltak mot stigmatisering
Christina Løno seier at salet av gatemagasin er eit utruleg bra tiltak mot stigmatisering og for mange andre ting.
Erik Hovland synest det er veldig bra at det blir mogleg å selja magasin på Voss. Han ser på dette som eit godt tiltak for ettervern.
– Det er godt å koma seg ut og gjera ein innsats og møta folk, i staden for å sitja inne. Dette gjev oss sjansen til å vera med i samfunnet. Dette er også ein sjanse til å opplysa litt om korleis stoda er for folk, seier Hovland.
– For nokre kan det bety at dei får råd å kjøpa jolepresangar, legg dei til.
Skal ikkje oppsøkja folk
Seljarane vil bli å sjå på Amfi, på Handelshuset og på eit par sentrale stader til i bygda.
Retningslinjene seier at seljarane ikkje skal oppsøkja folk eller banka på dører, men vera tilgjengelege.
Alle skal ha ID-kort, og får ein instruks om korleis salet skal føregå. Ein kan betala med Vipps og kontantar.
– Sidan me ikkje oppsøkjer folk, er det viktig at folk veit kven me er, seier Christina Løno.
Sel tusenvis av Juleboken
Kirkens Bymisjon i Bonangergata kjem til å fungera som ein sentral for salet. Onsdag kom det 300 eksemplar – i fyrste omgang – av Juleboken til Voss som blir lagra hjå dei.
Så kjem seljarane inn og hentar ut så mange eksemplar som dei trur dei får selt.
Magasinet inneheld mykje interessant, mellom anna om folk som har kome seg ut av ein vanskeleg situasjon med rus. Juleboken som dei sel no, er felles for heile Noreg og inneheld stoff frå heile landet.
– Når magasinet blir innarbeidd på Voss, vil me få med stoff herfrå også, til dømes portrett av seljarane på Voss, fortel Morten Sommerbakk.
I Bergen sel dei vanlegvis mellom 1000 og 1500 eksemplar av gatemagasinet når det kjem ut månadleg. Dei desidert beste salstala får dei på Juleboken.
– Ho har me selt nærare 1500 eksemplar av alt no, og kjem til å selja mange tusen i tida fram mot jol, seier Sommerbakk, og held fram:
– No håpar me at vossingane tek godt imot seljarane slik at dei får etablert seg her også.
Les saka i Avisa Hordaland her.