Bergens Tidende 08. november 2025: Ingen kjenner Bergen som Wibecke Av Kjersti Mjør, Bård Børe og Lovise Tokle Rannekleiv.
«Guide», står det på hettejakka til den blonde, kortklipte kvinna med det store smilet. Ho er ingen typisk bergensguide, men så har heller ikkje den vesle gjengen på Nøstekaien meldt seg på ei typisk byvandring.
– Velkomen til Gatestemmer. Eg er 51 år, heiter Wibecke og er litt løysemiddelskadd og sånn. Men det går vel bra.
På oppdrag for «Foreningen for human ruspolitikk» skal den mangeårige heroinbrukeren ta publikum med på ei personleg reise rundt i byen.
Wibecke Lill Myksvoll Olsen kjenner nemleg bergensgatene på ein heilt annan måte enn deg og meg.
Wibecke tok til å eksperimentere med rus i 13-14-årsalderen og prøvde det meste. Piller, blancotynnar, speed, hasj.
Tidleg på 1990-talet braut jenta frå Florvåg ein barriere og prøvde heroin for første gong. Herifrå var det ingen veg tilbake.
– Det var så godt. Alt stemte. Heroin føltest som det beste som hadde skjedd meg. Eg forstår veldig godt kvifor folk blir hekta.
Sydneskleiven opp
Frå Nøstet går turen til Teatergaten. Då Wibecke budde på hospits i Halvkannebakken og måtte ha neste dose, gjekk den faste ruta gjennom strøket her.
Fyren ho kjøpte heroin av den gongen, budde på Sydneshaugen ein stad.
Wibecke anar ikkje kor mange gonger ho slepte seg, nesten krabba, oppover den bratte Sydneskleiven med sterke abstinensar.
Ho grein, klamra seg til gjerdet, var sikker på at dette var slutten. Snart kryssa Wibecke endå ein barriere. Ei venninne som brukte heroin, gjekk på strøket. Ein dag stilte ho Wibecke eit spørsmål:
«Eg tar ikkje liggeturar,» sa Wibeche, og det gjorde ho heller ikkje, ikkje i starten. Men på eit tidspunkt passerte ho også den barrieren.
– Eg er heldig som kan stå her og snakke så lett om det i dag. Men eg hadde eit par reglar på strøket, og den viktigste var å alltid lukke augene. Uansett. Eg ville ikkje ha det som skjedde på synshinna seinare, ville ikkje det skulle dukke opp i draumane mine.
Wibecke har redda fleire frå overdose.
– Eg har pusta liv i mange, og ingen har døydd frå meg. Ein av dei eg redda, takkar meg kvar gong vi møtest. Dei andre hugsar neppe at det var eg som redda dei. Eg er berre glad dei ikkje døydde på mi vakt, seier guiden.
Sjølv har Wibecke hatt både tre og fire overdoser. Første gong hadde ho tatt halvparten av sin vanlege heroindose og piller.
– Det var heilt sprøtt. Eg hugsar berre at eg høyrde «overdose, overdose», og eg reiste meg og skreik: «Kven, kven?» Så såg eg alle stå over meg, og då begynte eg å grine. Eg var så lei meg. Det er ei utruleg påkjenning å stå slik med liv og død mellom hendene.
Heroin på resept
I dag treng ho ikkje stele eller selge sex for å få det bra. To gonger i døgnet, sju dagar i veka, får Wibecke gratis heroin av staten.
Ho stod først i køen då Helse Bergen opna for heroinassistert behandling i 2022.
– Å få utdelt medisinsk heroin betyr livet for meg. Eg treng ikkje stresse meg i hel for å skaffe medisinen eg treng. Eg kan leve normalt, bruke dagen til å jobbe eller gå ein tur, og trivest med livet eg har no. Eg har det kjempegøy!
Les hele artikkelen i Bergens Tidende her.




